Voltige

Skjåk Hestlag søkte ei tid tilbake om midlar til voltigeutstyr. Vi fekk tildelt eit stipend gjennom Skeimofondet, men det har teke lang tid å finne kvalitetsutstyr til rett pris. For å finne dette måtte vi sjå utanfor landegrensane, og i haust fekk vi endeleg henta heim ordentleg voltigeutstyr frå Danmark. 

For å få ein trygg og god start til voltige, var styret i kontakt med grenutvalg voltige tidleg i vår. Dei ville meir en gjerne koma oppover, og 12.oktober kom dei oppover. 

Det var mange påmeldte, og dagen starta i kantina på Skjåk barne- og ungdomsskule med litt teori. Så reiste alle til rideanlegget for å "turrtrene". Nokre staute karar med sveiseapperat og kunnskap hadde laga ein trehest til oss, av ein gamal varmtvannsbereder og understell av eit bord. Alle fekk sjå og prøve på denne, før dei gjekk over på ein hest. Fjordingen Topp stilte velvillig opp, og gjekk runde på runde, medan både yngre og eldre fekk utfalda seg på hesteryggen, og på slutten av dagen kunne alle seie seg einige i minst ein ting : Voltige er ARTIGT!

Voltigeutstyret er til utlån og utleige. Meir info om dette kjem snart.

  • facebook-square

Skjåk Hestlag ein klubb for

alle hesteinteresserte.