
Skjåk Hestlag
Vårt anlegg
Skjåk Hestlag har sitt anlegg på Lundahaugane i Skjåk.
Her har vi:
-ridebane på 40m x 60m
-rundpaddock på 16m diameter
-klubbbrakke
-skogsterreng som kan brukast til bla knøttecuptrasè
Skjåk Hestlag sitt anlegg er ope for alle våre medlem, men du kan og leie anlegget utan å vera medlem av klubben. Leiepris for kvar gong er kr 50
Skjåk Hestlag har ei bane med god størrelse, men for å sikre at alle får brukt anlegget når dei er der så har vi nokre køyrereglar som vi ynskjer at dei som benyttar seg av anlegget føljer:
- Er det arrangement i regi av klubben så har desse fyrsterett på bana. Sjå Aktivitetskalender for planlagte eventer.
- Rydd opp etter deg sjølv og hesten. Ta opp møkk, rydd materiell dit det høyrer heime, og er det noko som blir øydelagt så sei frå til nokon i styret.
- Alle våre medlem kan reservere bana for ulike treningar i opptil ein time, men her er det ikkje heilt fritt fram.
*Gruppetreningar med mange ekvipasjar kan reservere heile bana i ein time.
*Skal du hå sprangtrening/presisjonstrening etc som trøng mykje plass så kan heile bana reserverast
*Skal du ri på bana så er det berre mugleg å reservere 1/3 av bana
*Skal du køyre hest på bana så er det berre mogleg å reservere 1/2 av bana
Ynskjer du å reservere bana, så skriv i gjesteboka på medlemssida, eller send ein forespørsel til nokon i styret så legg vi det fortløpande inn i aktivitetskalenderen.
Ta hensyn til kvarandre og hjelp kvarandre hvis dykk ser at nokon treng det.