Skjåk Hestlag
Styremøte 12.05.2023
Tid: 12.05.23, kl 1730
Stad: Lundadalsvegen 72
Desse møtte: Randi Grete Linnerud, Tor Taraldsrud, Malene Dagsgard og Marit Brekkum
Jan Jenssen (deltatt under relevant del via VMR(Videomøterom))
-
VMR med rettleiaren for satsingsklubb
Tok opp og gjekk igjennom relevant dokument for Skjåk Hestlag som satsingsklubb. Dette for regodkjenning og gjenopptaking av gamalt arbeid. Her er det ynskjeleg å byrje på eit lavt nivå for å byggje seg roleg opp. Det er også einigheit om at det er nødvendig å minimere og kartlegge kva behov det er.
Tanken er å ta opp dette etter sommarferien. Da vil det relevante dokumentet bli sendt ut til medlemmane med ynskje om at ein les gjennom og gjer seg ein tanke om det som er vedteke i det gamle dokumentet. Det vil bli revidert under eit styremøte etter sumaren.
2. Budsjett og salting/vatning av ridebane
Det er heilt naudsynt og fatte tiltak for ridebana på Moar. Det blei lagt nytt topplag for om lag 3 år sidan som det vert lagt inn store summer i. For at vi skal behalde dette er det naudsynt at vi finn ei og løysing. Vi har henta inn prisar frå ulike entreprenørar, i tillegg til pris på salt. Rolf Rakstad blei ved jobben og saltinga blei gjennomført veka etter 17.mai.
- Det vi fann ut av på møtet er at vi bestiller 3 sekker med salt, som vi får fordelt i løpet av dei neste vekene. Dette kostar pengar, og vi har difor søkt sparebank1 Lom og Skjåk om midlar via lenka som heiter «ekstraordinære midlar». Vi håpar også at Mølla i Lom vil kunne sponse eller gje oss ei god avtale på salt, om vi finn dette som beste løysing.
- Dei problema vi ser på med salting er utgiftene, da dette vil kunne bli store summar ved fast behov.
3. Redigere ferdig heimesida
Det er gjort grovarbeid på heimesida der prisane er lagt inn, vippsnummer er lagt inn og vi har gjort eit forsøk på å gjere sida meir brukarvenleg. Det vil bli gjort meir finarbeid vidare.
Det kom forslag om å slå saman nettsidene for hestlaga i Norddalen, dette for å gjere det billigare. Det kan også gjere det lettare å finne fram i informasjonen til dei små hestlaga vi har i dalen.
4. Sjekke ut FB-innstillingar
For å kunne sende ut arrangement eller beskjedar direkte til alle som er medlem i Skjåk hestlag. Dette vil forhåpentlig nå ut til endå fleire. Dette skal Marit(sekretær) sjekke ut.
5. Oppdatere medlemsliste og få denne fullført
Marit har fått opplæring og vil sjekke ut dette ved anledning så snart som rå.
6. Dugnad og medlemskveld
Dugnad og medlemskveld vil foregå 10. og 11. Juni. Invitasjon og informasjon vil kome.
7. Satsingsgruppe
Siv Andersbakken og Roar Berg har sagt seg viljuge til å styre gruppa no til å byrje med. Det er ynskjeleg å få inn ein vaksen til som ikkje har tilhørighet i Stall Sæter som kan bli med. Dette for å synleggjera for ikkje-medlemmar av Stall Sæter at dei også er like velkomne.